Vokterne
Ukjente makter
Willy Ustad
Ein bokanalyse av Bjørn Erik Røgenes 2EFT
Innhaldsliste
Forfattaren side 2
Handlingsreferat side 2
Komposisjonen side 4
Personskildring av hovudpersonen side 4
Bokas tema side 5
Min meining om romanen side 5
Kjelder side 7
Forfattaren
Science fiction-romanen ”Vokterne – ukjente makter” er skreve av Willy Ustad og ble gitt ut i 1998 av Cappelen Forlag. Den 98 sider lange boka er den fysste boka i ein serie på to.
Forfattaren Willy Ustad ble fødd i 1946 i Trondheim. Han er mest kjend for å ha gitt ut serien ”Fire søsken”. Han har og gitt ut mange andre bøker, som til dømes ”Ulvetid”, ”For rikets sikkerhet” og ”Den indre krigen”. Mange av bøkene hans er inspirert av hans militære bakgrunn kor han held til i 13 år. Etter kvart begynte helsa hans å bli dårleg og han måtte begynne å tenke på å legge den militære karrieren sin bak seg. Dette gjorde han, og bestemte seg for å bli forfattar.
Handlingsreferat
Vi får på dei første sidene høyre om byen som veks seg bort frå nullsona. I byen bor eg-personen, som vi ikkje får vite namnet på. Innbyggarane på halvøya ble, og fortsett bler, drevi lenger og lenger vekk frå øya ved at dei bygger nye bygg nord for gammal busetjing. Kvifor eller kven driv dei vekk? Ingen veit kva eller kven det er, fordi alle som budde der før har flytta langt vekk eller er døde. Alt dei vet nå er at ingen må våge seg nære halvøya. Etter kvart har innbyggarane flytta seg vekk frå nullsona, og eit gjerde held byen skult og ute av syne for halvøya.
Alt begynner på Kafè Skummel, kor vi blir kjende med eg-personen i forteljinga. Vi blir og kjend med fire eldre menn. Seinare i boka møter vi og moren og venene til hovudpersonen.
Side 2
Det begynner med at eg-personen, ein tenåringsgut, og klassen blir invitert til det gamle kinobygget som skal rives. Bokas hovudperson har alltid vært nysgjerrig på kva som ligg på den andre sida av gjerdet. Han veit at dette er den einaste bygningen som ligg tett inntil gjerdet, så om han skal klare å sjå noko på den andre sida må han snike seg vekk frå klassen og finne ein veg bort til gjerdet og over på den andre sida.
Inne i kinobygget går han bort frå kameratane og klassen, og inn i ein del av kinobygget som det er lenge sidan nokon har oppheld seg i. Gangen ender i ein dør, som igjen fører ut til ein stige på den andre sida av gjerdet. I det guten klatrar ned den gamle stigen, lausnar den. Han er nå på halvøya, utan muligheit til å komme inn i det gamle kinobygget igjen.
Han er nå stranda på den øya som alle flykta frå og som dei framleis er redde for. Ettersom det ikkje er nokon vei tilbake bestemmer han seg for å prøve å kome seg på den andre sida av øya. Fordi mora ikkje likar å køyre i byen, køyrer dei alltid rundt halvøya. Han veit derfor at hovudvegen på den andre sida fører inn til byen. Han bestemmer seg derfor for å prøve og kome seg til den andre sida. I det han går mot midten av halvøya, kommer han seg raskt til hus som er dekket av mose. Andre hus har rast saman. Fordi det byrjar å bli mørkt bestemmer han seg for å overnatte i eit av dei falne husa. I løpet av natta opplever han merkelege ting. Han finn spor etter fortida, ein gamal rekneskapsbok og han får og kjenne kreftane til dei nærast usynlege, grå skapningane som verken er menneskje eller dyr.
Konflikten i teksten er dei ukjende kreftene på halvøya. Kven er desse nærast usynlege, formløyse og gråaktige skikkelsane som lysar opp, hvesar og hindrar han i å kome framover og tilbake til tryggleiken.
Side 3
Komposisjonen
Synsvinkelen ligg hos eg-personen. Til dømes ”Men jeg gikk bort fra den, over brua mot den byen som hadde vært, den som var glemt og gjemt”. Eg trur forfattaren valde å bruke eg-person fordi han da får fram følelsane til personen mye meir. Til dømes som når han blir redd, klarar forfattaren å forklare dette mye betre om han brukar den forma. Eg-personen er ikkje forfattaren. Fordi romanen er skreve i eg-form, gir dette oss, lesarane, ein følelse av å vere til stades der det skjer. Romanen utviklar seg naturleg, den byrjar med begynninga og endar med slutten.
Forfattarens måte å skrive boka på synes eg var bra, den passa meg. Han skriv lett og ledig, og teksten var enkel å forstå. Han brukar og mange beskrivingar som gjer at det er lettare å setje seg inn i handlinga.
Personskildring av hovudpersonen
Hovudpersonen er bokas eg-person. Namnet hans blir ikkje nemnt i romanen. Personen blir beskriven som ein tenåring. Han blir beskriven som ein type som likar å sitje aleine og tenkje, men han har og to kameratar. Guten er einebarn og nokon far høyrer vi ikkje om. Moren og guten bor aleine, i ein leilegheit. Byen blir beskriven som den byen som ikkje har den største gjengen og dei største problema. Den blir i staden beskriven som den byen som er roleg og stille. Eigenskapane til personen er at han er veldig nyfiken og det er detta som viklar han inn i alle problema i romanen. Eg-personens forhold til dei forskjellege personane er at han har god kontakt med fire eldre menn på Kafè Skummel. Det er denne kafeen han går til dersom han skulkar skolen, eller bare vil tenkje litt. I byrjinga av romanen er ikkje forholdet mellom eg-personen og dei fire eldre mennene opent. Men etter kvart når du kjem inn i romanen
Side 4
byrjar personane å få god kontakt. I slutten av boka lovar dei fire eldre mennene og eg-personen at dei ikkje skal røpa en hemmelegheit, hemmelegheita skal berre bli mellom mennene og hovudpersonen.
Bokas tema
Bokas tema er eg-personen som utforskar den forlatne halvøya. Det er et høgt gjerde rundt heile byen som han aldri har sett over. Personen har høyrt mange ulike historier om kva som har skjedd der. Historiene har vore ulike frå gang til gang. Guten bler nyfiken på kva som finnest over gjerdet og kva som har skjedd. Han meiner at dersom han kjem seg over der vil han få svar på alle desse spørsmåla. Mye av handlinga går føre seg på halvøya og gutens møte med dei ukjente kreftene. Samstundes, på den andre sida av gjerdet sit mennene og veit mykje. Men ingen forstår alt. Få seier noko. Dei mistenkjer at det er utanomjordiske vesen som eigentleg alltid har vore der, men som har vist seg for menneskjene enkelte gonger opp gjennom tidene. Kanskje vil bok nummer to i serien gi oss et nærare svar?
Bokas bodskap trur eg er at forfattaren vil fortelje oss at det kanskje kan vere ting ”der ute” som vi ikkje kan sjå med augo. Kanskje vil han fortelje oss at vi menneskje enno ikkje har svar på alt.
Min meining om romanen
Eg likte romanen fordi den hadde mange spenningstoppar, og fordi den hadde ein del unaturlege ting med. Fint var det og at forfattaren brukte eg-person. Dette fekk meg til å føle det personen i boka følte. Eg synes boka virke litt barnleg i byrjinga fordi den opnar med eit sjørøvarkart på fysste side. Det å kalla kafeen ”Kafe Skummel” virka og litt barnleg i mine
Side 5
augo. Etter kvart, når eg fekk lest meir og meir av boka, merka eg at den ikkje var barnleg i det heile tatt. Forfattaren fekk fram mykje spenning og mange uventa hendingar i boka. Han har lykkast med å få fram følelsane til eg-personen ved å forklare dei detaljert.
Denne boka passar til dei som likar litt utanomjordiske ting, personar som er opne for at det kan finnast noko anna ”der ute”. Eg vil anbefala denne boka til ungdommar og litt yngre personar.
Side 6
Kjelde
Vokterne – Ukjente makter av Willy Ustad
Kva heiter det – bokmål/nynorsk ordliste